Bleiking av tenner

Tannbleiking reknast som tannbehandling og bør difor utførast av din tannlege. Tannbleikemiddel som gir god og langvarig effekt er kun tillatt solgt hjå tannlegar og du må ha fyllt 18 år for å kunne gjere behandlinga.

Før start får du ein undersøking for å sjekke om bleiking er ein trygg behandling for deg. Det vert tatt avtrykk, deretter framstillt spesialtilpassa bleikeskinner til dine tenner.

Bleiking gjer du sjølv heime etter god instruksjon av tannhelseteamet. Det er vanleg med 1-2 vekers behandling, men ver merksam på at det er individuelle forskjellar på resultatet.